Artikkel i Hallingdølen 26.09.2021 om vår satsning i Flå/Turufjell "La ut hytteområde for 29 millionar - no har dei kome på andre tankar"

26.09.2021 12:39

Ville selje i Flå - ombestemte seg

 Eit hytteområde i Flå vart lagt ut til sals for 29 millionar.

Men no har eigarselskapet kome på andre tankar.

– Me har interessentar, men no vil me utvikle området sjølv, seier Erlend Follegg.

Han er advokat, gründer og investor, og styreleiar i selskapet Gondolin AS som sit på det 615 da store området i Grautebekken hytteområde i Skarsdalen. Det er vorte profilert som eit svært spennande utbyggingsprosjekt der det er lagt opp til å bygge 150 hyttetomter og 50 leilegheiter. Området er ikkje regulert, men det er avsett til fritidsbusetnad i kommuneplanens arealdel.

Skifta eigarar

Utbyggingsselskapet Gondolin AS med adresse Lysaker reklamerer med at det er ein leiande destinasjonsutviklar i fritidsmarknaden. Det vart etablert i 2018 og hadde null i omsetning i 2019 og ein positiv eigenkapital på 5,9 millionar. Follegg er også styreleiar i dotterselskapet Skarsdalen Utvikling, som er eitt av dotterselskapa. Opphavleg var dette eit område som Hydro Aluminium sikra seg på 60-talet. Det vart bygd tre hytter og ei direktørhytte. Sidan den gongen har området skifta eigarar. Gondolin AS kjøpte området i 2018.

LES OGSÅ
Flå kommune ligg godt an

Set i gang

Planarbeidet som vart sett i gang har stått stille ein lengre periode, men no blir det teke opp igjen. Det er varsla ein oppstart av arbeidet med ein detaljreguleringsplan. Oppstartsmøte med kommunen er 29. september.

– Me har sete og ruga på dette området ei tid, og det kunne ha vore regulert. Men me ser at Flå er ein framoverlent kommune som ønskjer utvikling. Då me kjøpte område, var det ei hensikt bak det. No er området litt meir knytt til ein stor destinasjon, (Turufjell), sidan den gongen. Det er veldig spennande, seier Follegg.

Neste år

 Kor stor blir ei utbygging her?

– Me veit ikkje eitt hundre prosent kva som blir regulert. Med 615 dekar er det plass. Noko er bratt, og ein annan del som ikkje er bratt.

LES OGSÅ
Opnar nytt felt i Turufjell

– Når kan de setje i gang?

– Frå oppstartsmøte kan det vere ferdig regulert i første halvdel i 2022. Eg håpar at bygginga kan begynne i løpet av neste år. Men me er avhengig av at infrastrukturen, avløpet, er på plass, til det er ferdig regulert.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dumt å selje

Gondolin AS har også interesser i Hol, nærmare bestemt i Sudndalen gjennom dotterselskapet Hallingskarvet Fjellgrend AS. I tillegg er selskapet i fleire prosjekt i Telemark. Det er Destinasjon Skinnarbu som er majoritetseigar i selskapet.

Follegg ser at det har ikkje vore veldig respons på salsannonsen på området i Skarsdalen, nokre interessentar har vore på banen.

– Men det er dumt å selje noko som kan bli bra, seier Erlend Follegg.