Artikkel i Sogn Avis 2. juni 2021 om åpningen av Tørvis Hotell "Fredag kjem dei første gjestane til Tørvis hotell denne sesongen"

09.06.2021 10:49

Fredag kjem dei første gjestane til Tørvis hotell denne sesongen.

For abonnentar

Ungarske Julia Olah har erfaring frå hotelldrift andre stadar i landet, og er no henta til Marifjøra for å få fart på satsinga der. Med seg har ho Anders Grorud. 

– Me er ikkje lokale, men me har kontakta lokale folk om lokalmat og kven som leverer. Så no kjem me til å ha lam, honning, bær og frukt frå lokale leverandørar, smiler Olah. 

Sesongopning

Til helga opnar dei dørene til det tradisjonsrike hotellet i Marifjøra, eit steinkast frå Gaupnefjorden. Då avisa var innom var det styremøte i hagen, med folk frå dei fire hotella i porteføljen til selskapet Gondolin, som også eig og driv Tørvis.

– Eg har jobba i gamet sidan 80-talet, mellom anna for Thon. Men eg har aldri vorte borti eit liknande hotell som dette. Det er nydeleg, seier styreleiar John Runar Menøy.

Han seier dei har gjort mykje dei siste vekene for å klargjera hotellet for sesongen. No er det meste ordna opp i etter vasslekkasjen som var der i fjor, før ny eigar overtok.

– Det manglar berre eit teppe i gangen. Det er bestilt, og kjem snart. Me har også teke att og fiksa tre rom. No har me måla og ordna, fiksa hekk og gjerde kring hagen, fortel Menøy.

 

LANGSIKTIG: Styreleiar John Runar Menøy i Tørvis drift AS seier dei har langsiktige planar for hotellet. Foto: Wenche Schanke Eikum

Han lovar at dei skal gjera meir neste år. Men no er hotellet klart til å ta imot gjestar. Og Menøy seier dei har planane klare.

– Det kjem nye heimesider som viser kva me kan tilby. Me er også i gang med å promotera hotellet, og området rundt, gjennom sosiale medium. Me kjem til å tilby opplevingspakkar med turar både på fjord og i fjellet. Der er Grorud krumtappen. Det skal også ordnast til eit område ved fjorden.

Styreleiaren seier dei er opptekne av å ha eit godt forhold til lokalbefolkninga.

– Me vil også handla lokalt ein god del, sjølv om me i Gondolin har innkjøpssamarbeid. 

Fire-rettars middag

Også når det gjeld opplevingar vil dei promotera det lokale.

– Me vil nytta det som er å få tak i lokalt. Dette hotellet er unikt med fjorden, fjella og breen ikkje langt unna. Attraksjonar som Urnes stavkyrkje ligg ikkje langt unna. Me har alt her, seier Julia Olah.

Ho gler seg til å ta imot dei første gjestane, og seier dei vil servera firerettars middag kvar kveld.

– Er det ope også for andre enn gjestar?

– Me vil også servera andre så langt det er plass. Det er best om ein reserverer bord.

Langsiktig

Det har skjedd mykje med Tørvis hotell dei seinare åra, og eigarane har vore mange. Menøy lovar at dei har langsiktige planar for hotellet i Marifjøra.

– Det gjer me. Gondolin-gruppa består av både eigedomsutvikling, med sal av tomter og hytter, og dei fire hotella som eg arbeider med. Det gir oss fleire bein å stå på, noko som er avgjerande økonomisk. Me kjem til å ha dette hotellet i mange år framover.

Menøy fortel at dei har henta kokkane frå Skinnarbu for å gje Tørvis ein god sesong.

– Eg har tatt dei beste eg har hit. Maten skal både sjå bra ut, og smaka godt.

 

LOKALMAT: Kokkeekteparet Jona Gonzales og Junjie Audao lovar god og smakfull mat laga av lokale råvarer. Foto: Wenche Schanke Eikum

Kokkane er opphavleg frå Filipinane. Dei er gifte, og har reist og arbeidd saman i 15 år. 

– Me har jobba på Seychellene og Maldivane mellom anna, smiler Junjie Audao, og smiler breitt. 

Han er alt i gang med å laga lunsj til dei som har styremøte.

Skikkeleg stab

Også eigar Erlend Follegg er på hotellet før opninga. Han er glad for at drifta no er oppe og går.

– No har me fått på plass ein skikkeleg stab. Det som skjedde i fjor var litt prøving og feiling. No er satsinga her del av ein større plan. Så no vonar eg at turistane ynskjer å koma.

Det har vore ope for booking ei god stund, og frå komande helg er dei i gang. Planen er å halda ope til 7. oktober.

– Og så skal me ha både eit julebord og eit nyttårsbord, seier Olah, som er klar til å ynskje gjestar velkomne.