Artikkel i Sogn Avis 19.01. 2021 Tørvis Eigar kjøper seg tungt inn i Hodlekve

21.02.2021 01:46

Tørvis-eigar kjøper seg tungt inn i Hodlekve

NY EIGAR: Erlend Follegg eig no 85 prosent av aksjane i Sognefjorden Utvikling. Foto: Håvard Nesbø/Wenche Schanke Eikum

Eigaren av Tørvis Hotell, Erlend Follegg, har kjøpt 85 prosent av aksjane i Sognefjorden Utvikling, selskapet som står bak hytteutbygginga i Hodlekve.

 

– Me håpar me kan tilføra noko, og dette er ikkje kortsiktig. Dette er basert på langsiktig arbeid som me trur me skal tena pengar på, seier Follegg.

Fredag i førre veke gjennomførte han handelen med investorgruppa som var med og sette i gang den storstila utbygginga i Hodlekve i 2012. Bjørn Schage, Petter Grendahl og Even Hegbom kom rett frå storutbygginga i Myrkdalen til Hodlekve. Sidan den tid har det i praksis vakse fram eit heilt nytt alpinanlegg med tre heisar i Rindabotn, og det tek til å nærma seg 100 hytter i fjellsida attmed skianlegget. 

Håukås held fram

No eig Follegg aksjane deira, og skal halda fram med å eiga og driva Sognefjorden Utvikling saman med Jomar Haukås, som eig 15 prosent.

– Eg tykkjer det er fantastisk at han vil vera med oss i Hodlekve, og eg har bestemt meg for å bli med vidare på det. Eg må berre få takka Bjørn og Knut Schage, Petter Grendahl og Even Hegbom. Hadde ikkje dei kome inn med sin kompetanse, så hadde det aldri skjedd noko i Hodlekve, seier Haukås.

 

Eig utbyggjaravtalen

Selskapet Follegg har kjøpt mesteparten av, eig utbyggjaravtalen som er skriven med grunneigarane i Hodlekve. Området skulle i utgangspunktet innehalda 750 til 1000 hytter ferdig utbygd. I tillegg eig Sognefjorden Utvikling 35 prosent av Sogndal Skisenter Drift, som driv og utviklar skisenteret. Dette er eit ideelt selskap som ikkje skal ta ut overskot, men setja overskotet sitt tilbake til utvikling av området. Gjelda og eigenkapitalen til Sognefjorden Utvikling følgjer med. Gjelda har ifølgje Follegg vorte kraftig redusert i det siste.

Redusert gjeld

– Alle tomtesala som er gjort etter nyttår har gjort eit godt innhogg i gjelda. Det blir litt omtrentleg for det har skjedd heilt i det siste, men det kan hende me ikkje sit att med meir enn fire til seks millionar i gjeld, seier Follegg.

Haukås seier salet har vore svært godt i det siste, med 15 sal etter nyttår. Faktisk så mykje at det snart er tomt for ferdigregulerte hyttetomter. Det ligg nye i arealplanen, men dei er enno ikkje regulerte. 

Stort tomtesal 

– Hodlekve er inne i ei ny tidsrekning no. Me sel masse tomter og ser at me er inne i ein ny fase. Investorane som var med frå starten har bygd grunnmuren. No skal huset byggjast, men grunnmuren står på fjell, og det har me dei å takka for, seier Haukås.

– Då eg var der i helga såg eg lange heiskøar, og folk avlar folk. Eg såg entusiasmen hjå dei som jobbar der, dugnadsånda og stå på-haldninga. Det smittar, seier Follegg.

Tapte pengar i 2019

Oslo-advokaten Follegg er på langt nær like kapitalsterk som dei tidlegare investorane. Han kjøper seg opp gjennom selskapet Gondolin AS, der han er registrert som styreformann frå 18.01.21. I databasen proff.no er siste rekneskapstal frå 2019, og der står North Assets AS som hovudaksjonær. Follegg seier det ikkje lenger er tilfelle.

– Me inngjekk avtalen i desember 2020, så no er eg hovudaksjonær i Gondolin med rundt 95 prosent av aksjane, seier Follegg. 

Gondolin, som altså eig 85 prosent av Sognefjorden Utvikling no, står med eit tap før skatt på over 16 millionar i 2019. 

– Det er naturleg fordi selskapet har hatt betydelege utviklingskostnader og ikkje særlege inntekter. Me jobbar med store hytteområde i Flå kommune, på Hallingskarvet, Skinnarbu hotell og eit stort område på Tyin.

Ven og partnar med Ola Moe

Follegg forsikrar at den neste årsrekneskapen er langt meir lystig for hans del.

– Det er slik det er i denne bransjen. Det hender det er tøft likviditetsmessig, men du sår og så haustar du på eit seinare tidspunkt, seier Follegg.

Han seier dei selde mange hytter på Hallingskarvet i fjor, og reknar med dei landar på eit årsresultat på rundt fem millionar kroner.

Tørvis hotell skal også overførast til Gondolin, og får såleis same eigarselskap som aksjane i Sognefjorden Utvikling. Follegg kjøpte dette hotellet frå reiselivsinvestoren Ola Moe. Moe var og er involvert i ei rekkje konfliktar, og hadde store økonomiske vanskar både som eigar av Tørvis, og gjennom andre hotell han eig. Mellom dei Mundal Hotel i Fjærland, som heller ikkje denne sesongen blir opna for turistar. Ifølgje proff.no har dei to ikkje felles forretningsinteresser per no, men Follegg seier dei er vener og har samarbeidd om mykje.

Vil starta med blanke ark

– Det er mykje å seia om dei sakene, men eg vil gjerne starta med blanke ark i eit område eg har veldig tru på. Eg tenkjer eigentleg at eg vil seia minst mogleg rundt det. Eg forstår at de spør, men eg vil gjerne bli vurdert ut frå kva eg gjer, og ikkje kva andre har gjort.

Follegg har også forretningsband til dei tidlegare aksjonærane i Sognefjorden Utvikling, ettersom han kjøpte interessene sine på Hallingskarvet hjå dei.

– Det var nok det som gjorde at me kom i posisjon til å kjøpa hjå dei. Me overtok akkurat under korona-nedstenginga, og har selt 20 hytter sidan den tid. Det har gått veldig bra, seier Follegg. 

Billigare hytter

No håpar han å ta med seg litt av oppskrifta derifrå til Hodlekve, gjennom mindre hytter med mindre tomter, til ein lågare pris. Hytte og tomt i Hodlekve har til no kosta frå rundt 4,5 millionar kroner og oppover.

– Me ser for å oss å selja til eit litt billegare segment. På Hallingskarvet har me ei løysing der hytte og tomt går for rundt tre millionar kroner. Det er dyrare tomter i Sogndal, men me skal greia å få hytte og tomt for 3,5 millionar kroner. Då når me ut til fleire, seier Follegg.